Kvalitet

Straume Handlaft er ei meisterbedrift som held til i moderne produksjonsbygningar på garden Straume lengst sør i Valle kommune. Lafteplank verk kjøpt inn frå sagbruk både i Telemark og på Agder. Det vert stilt høge krav til kvalitet.

Straume Handlaft samarbeider med lokale verksemder som leverer vindauge, dører, kjøkkeninnreiingar og anna i tradisjonell utføring. Me hyrer også inn målar, murar, elektrikar og røyrleggjar. Dei fleste vel ei løysing med ferdig bygg og nøkkelen i døra, men me leverer også råbygg ferdig montert på byggeplass.

Eit laftebygg tek fleire år på å sige saman og "setje" seg. Vår kvalitetsgaranti inneber at me har tilsyn med bygningen gjennom heile denne prosessen, og gjer nødvendige justeringar.

Laftetømmeret må hoggast om vinteren, og sagast før våren kjem for å sikre ein god og jamn tørk. Stokkane må lagrast eit heilt år før ein kan begynne å tømre.

Korleis kan dei gamle trebygningane som er fleire hundre år gamle vere like friske i treverket? Dette spør mange om. Svaret er etter måten enkelt: Kvalitet og kunnskap! Bonden kunne bruke år på å merke seg ut det beste virket.