Detaljar

Tradisjonelle profilar, ornament og andre detaljar er som "prikken over i-en" på ein stasbygning. Byggherren vel sjølv dei utskjeringar som fell best i smak. Derfor er ingen bygningar heilt like.

Straume Handlaft har meir enn tjue års erfaring med bygging av alt frå små enkle bygningar, til store hus og hytter i luksusklassen. For oss står kunden sine ønskje alltid fremst. I fellesskap arbeider vi oss fram til løysingar som ivaretek så vel gamal tradisjon som vår eiga tids krav om funksjonalitet.

I samarbeid med andre handverkarar kan me ordne handsmidde dørjern og knaggar, utskjeringar, innreiingar og skigard.