Kvalitet
Straume Handlaft as held til i nye, moderne produksjonsbygningar på garden Straume lengst sør i Valle kommune. Lafteplank verk kjøpt inn frå sagbruk både i Telemark og på Agder. Det vert stilt høge krav til kvalitet.
Straume Handlaft samarbeider med lokale verksemder som leverer vidauge, dører, kjøkkeninnreiingar m.m. i tradisjonell utføring. Dei fleste vel ei løysing med ferdig bygg og nøkkelen i døra. Men vi leverer også råbygg ferdig montert på byggeplass.
Eit laftebygg tek fleire år på å sige saman og ”setje” seg. Vår kvalitetsgaranti inneber at vi har tilsyn med bygningen gjennom heile denne prosessen, og gjer nødvendige justeringar.
Laftetømmeret må hoggast om vinteren, og sagast før våren kjem for å sikre ein god og jamn tørk. Stokkane må lagrast eit heilt år før ein kan begynne å tømre.
Korleis kan dei gamle trebygningane som er fleire hundre år gamle vere like friske i treverket? Dette spør mange. Svaret er etter måten enkelt: Kvalitet og kunnskap! Bonden kunne bruke år på å merke seg ut det beste virket. Berre seinvaksen fure med mykje kjerneved vart brukt.
Detaljar
Tradisjonelle profilar, ornament og andre detaljar er som ”prikken over i-en” på ein stasbygning. Byggherren vel sjølv dei utskjeringar som fell best i smak. Difor er ingen bygningar heilt like.
Straume Handlaft as har meir enn femten års erfaring med bygging av alt frå små enkle bygningar, til store hus og hytter i luksusklassen. For oss står kunden sine ønskje alltid fremst. I fellesskap arbeider vi oss fram til løysingar som ivaretek så vel gamal tradisjon som vår eiga tids krav om funskjonalitet.




