- Forside 

-
Tradisjoner

- Kvalitet

- Galleri

- Tilleggsprodukter

- Prosjekter/tomter

- Kontakt oss

Tradisjonar

Setesdal
For mange er Setesdal eit dalføre der gamle tradisjonar innan kultur og byggeskikk har vorte halde i hevd heilt fram til våre dagar. Dei høge og staselege lofta, der middelalderens stavteknikk er kombinert med seinare tiders laftekunst, gir landskapet særpreg. 

Størst og mektigast av desse er Rygnestadloftet i Valle. Store, ovale stokkar (opptil 92 cm) og ein konstruksjon som er særmerkt for Setesdal, gjer dette til laftekunst av beste merke. Straume Handlaft as fører desse tradisjonane vidare i nye former tilpassa våre dagars behov, men der den opphavlege byggeskikken heile tida er utgangspunkt for nye arkitektoniske løysingar. 

Når dei gamle stogene skulle innreiast, trong laftebyggjaren hjelp av andre bygdekunstnarar. Smeden laga dørjern, og målaren dekorerte senger og skap. Av og til vart det bestilt noko ekstra, kanskje ei munnharpe eller ein rosemåla bolle. 

Sjølv om tjuveri var sjeldan, måtte ein låse av viktige bygningar. I bur og loft var det mat, klede og anna verdifullt. Nøkkelen var stor og tung, og oftast var det kona i huset som hadde ansvar for at han ikkje kom på avvegar.