- Framside

- Tradisjonar

- Kvalitet

- Galleri

- Tilleggsprodukt

- Prosjekt/tomter

- Kontakt oss


Velkomen til tradisjonsrike Straume Handlaft AS i Setesdal! 

”Kunden sitt ønskje står alltid fremst!”

Kvalitet – Detaljar – Eigne val 

Vi er eit profesjonelt laftefirma som lagar eksklusive handlafta hus, hytter, anneks, garasjar og stabbur etter kunden sine ønskjer og mål. Byggjeteknisk stør vi oss til dei gamle handverkstradisjonane i Setesdal, men legg vekt på at arbeida våre skal ha høg funksjonalitet.  

Straume Handlaft tilbyr også utskjeringar i tre, der du sjølv kan kome med idear, og med det bidra til å gje utforminga eit personlige preg!

Firmaet er forhandlar av kvalitetsprodukt frå Norske Bygdemøblar og Espegård tretjære.

Ta kontakt i dag for ytterligare informasjon vedrørande produkt, tenester og prisar.

Kundane våre er hovudsakeleg privatpersonar frå heile Sør-Noreg.

Straume Handlaft AS vart starta opp av eigar Olav Straume i 1990. I dag har firmaet fire fast tilsette tømrarar, og med eit utstrekt nettverk av lokale handverkarar, målar, murar, elektrika, røyrleggjar osb. Med andre ord kan Straume handlaft as ta på seg ansvar for totalentreprepriser fra små ombyggingar, til stabbur og laftehytter etter kunden sine ønskje og behov.  

Olav Straume har, ved sida av 20 års solid yrkeserfaring, også meisterbrev i tømrarfagert.